Juliane Tverberg, Aslaug Smedsplass og Gro Røneid song 90-tals hiten til stor jubel.
Juliane Tverberg, Aslaug Smedsplass og Gro Røneid song 90-tals hiten til stor jubel.

Damene fann lykka

Femten galne damer frå Hol og Hovet fann lykka på Bygdahall, både på scena og blant publikum. Torsdag var det premiere på jubileumsshowet «På liv og lyst – på grundig leit etter lykka».

Eit heilt liv vart summert opp på knappe to timar.

Det vart rom for både latter og ettertanke då Kor i Høve leita på loftet etter minne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppturar og nedturar

Anne Lise Søndrol og Johanne Eliassen rydda etter mor var gått bort, og både deira eigne og moras liv vart mimra om gjennom song, dans og skodespel. Ungdomstid på 80-talet, kjærleikssorg, giftarmål, tidsklemme og skilsmisse var noko av det publikum fekk le og mimre til. Både oppturar og nedturar vart tolka med humor og glimt i auget.

Publikum svara med jubel og latter, som når Aslaug Smedsplass og Gro Røneid hadde kledd seg ut som Barbie og gjekk på rulleskøyter over scena.

Eigenkomponert

Songane var både lånt og sjølvlaga, fleire var sjølvsagt på halling, og det daglegdagse vart tulla mykje med. Innimellom vart det også tid til litt alvor, og publikum vart heile tida minna om kor ein finn lykkja – i dei små tinga.

Elise Lybekk og Kor i Høve treffer mange i songane sine.
Elise Lybekk og Kor i Høve treffer mange i songane sine.
Når ein blir seks og seksti, ja da tar livet til. Med Tove S. Lysåker og Rita Kleiv.
Når ein blir seks og seksti, ja da tar livet til. Med Tove S. Lysåker og Rita Kleiv.
Katrine Eliassen Mikkelsen (t.h) kosa seg på jubileumsshow saman med Solveig Reime.
Katrine Eliassen Mikkelsen (t.h) kosa seg på jubileumsshow saman med Solveig Reime.
Heidi Haugo koste seg på show saman med dottera Nora.
Heidi Haugo koste seg på show saman med dottera Nora.
Marianne Lægreid, Eli Grimsgård Kleven og Marit Eggen syng om alt ein må gjere i ein travel kvardag med «The Ketchup song» som melodi.
Marianne Lægreid, Eli Grimsgård Kleven og Marit Eggen syng om alt ein må gjere i ein travel kvardag med «The Ketchup song» som melodi.
Kor i Høve.
Kor i Høve.
Anne Lise Søndrol og Johanne Eliassen leita i gamle saker på loftet og fann lykka blant dei gamle minna.
Anne Lise Søndrol og Johanne Eliassen leita i gamle saker på loftet og fann lykka blant dei gamle minna.

– Eg kjente meg igjen, måtte Heidi Haugo innrømme etter showet. Saman med eit stappa fullt Bygdahall gjekk ho ut med eit stort smil om munnen.

Katrine Eliassen Mikkelsen var også fornøgd etter showet, mor hennar Johanne Eliassen har vore med i koret i elleve år.

– Eg har høyrt ho øve og øve i lange tider, så det var moro å få sjå resultatet i dag. Dei er så flinke.

Show

Jubileumsshowet vart nettopp det, eit show frå ende til annan.

I avslutningssongen song dei om at dei ikkje tok seg sjølv så høgtideleg, og nettopp det er nok nøkkelen til suksessen. Det er ingen tvil om at dei har lært mykje og blitt tryggare på scenen når dei har si tredje forestilling sidan dei starta i 2004. Publikum verkeleg elskar når dei herlege damene byr på seg sjølv, lagar skikkeleg liv og er litt galne.