- Kva er det her då? lurar Bjarne Brøndbo i det han tek eit jafs av treakskaftet. Han nikkar og det rykker så vidt i munnviken. -  Det herre va ittj så verst, seier han med ei aning mindre grov trønderrøst.

«D.D.E treak som ska te»

Hallingdølen har oppskrifta på korleis smelte blaserte trøndarar på turne.

Torsdag var atter ein gong den solfylte sletta på Nes tettpakka av underhaldning, marknad og blide folk. Og på scena stod D.D.E med treak i tennene.

Ein kan seie sitt om at dei er både joviale og jordnære. Men lange reise og trykkande varme får ta skulda for at dei barske trøndarane virka svært så avmålte i møtet med lokalpressa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva skal til for å få dei til å mildne? Jo da, god gamal tradisjonsgodteri frå Hallingdal.

Snartur

To mørke stasjonsvogner trillar inn på artistområdet. Klokka syner 1845 og ut stig ti menn med solbriller. Dei lyftar ut instrument og koffertar. Helsar på dei ventande vertane. Takkar for sist. Både i 2004 og 2006 stod dei på same staden og gjorde seg klar for det same arrangementet.

2006 var det året då 1500 personar stod klemt framfor scena – for å få med seg lydprøva.

D.D.E med  Bjarne Brøndbo i spissen vakna til liv på scena. Liv vart det også i publikum som song med.
D.D.E med Bjarne Brøndbo i spissen vakna til liv på scena. Liv vart det også i publikum som song med.
Det rykka verkeleg i foten til Emma Sofie Farmen då D.D.E stod på scena under Hallingmarken torsdag.
Det rykka verkeleg i foten til Emma Sofie Farmen då D.D.E stod på scena under Hallingmarken torsdag.
Nam, godteri! Ella og Oline Grøndal frå Nes har gleda seg i lenge til Hallingmarken. I fleire dagar har dei sett tivoliet på avstand. Endeleg fekk dei ta turen innanfor porten.
Nam, godteri! Ella og Oline Grøndal frå Nes har gleda seg i lenge til Hallingmarken. I fleire dagar har dei sett tivoliet på avstand. Endeleg fekk dei ta turen innanfor porten.
"Du e så gla i rompa mi", syng Bjarne Brøndbo for full hals. Mogeleg eit lite hakk meir fløyelsmjukt enn før - iallfall om ein legg godvilja til.
"Du e så gla i rompa mi", syng Bjarne Brøndbo for full hals. Mogeleg eit lite hakk meir fløyelsmjukt enn før - iallfall om ein legg godvilja til.
Thomas og Sindy Marie Andreassen i luftig svev over Hallingmarken. Etter kontinuerleg hyling, var dei begge hese etter ein runde i karusellen.
Thomas og Sindy Marie Andreassen i luftig svev over Hallingmarken. Etter kontinuerleg hyling, var dei begge hese etter ein runde i karusellen.
Thea Halland Büchmann har fått både kjærlighet på pinne og prinsesseballong av mamma Karina Halland – i god Hallingmarken-tradisjon.
Thea Halland Büchmann har fått både kjærlighet på pinne og prinsesseballong av mamma Karina Halland – i god Hallingmarken-tradisjon.
Sjå på oss da! Celine Hagen Thoen og Wilmer Gran har funne seg ein høveleg karusell på Hallingmarken.
Sjå på oss da! Celine Hagen Thoen og Wilmer Gran har funne seg ein høveleg karusell på Hallingmarken.
D.D.E med  Bjarne Brøndbo i spissen vakna til liv på scena. Liv vart det også i publikum som song med.
D.D.E med Bjarne Brøndbo i spissen vakna til liv på scena. Liv vart det også i publikum som song med.
"Du e så gla i rompa mi", syng Bjarne Brøndbo for full hals. Mogeleg eit lite hakk meir fløyelsmjukt enn før - iallfall om ein legg godvilja til.
"Du e så gla i rompa mi", syng Bjarne Brøndbo for full hals. Mogeleg eit lite hakk meir fløyelsmjukt enn før - iallfall om ein legg godvilja til.

Ny frisk

No skal D.D.E atter ein gong stå på scena. Eigentleg har dei ferie, men dei kunne ikkje si nei til Hallingmarken.

Dei er berre innom Hallingdal ein snartur. Konserten startar kl 20. Like etter konsertslutt reiser dei til Gardermoen. Tidlegare i dag var dei i Namsos.

Stjernetreff

– Blir det liv i kveld?

– Det er det me prøver på. Alltid, svarar Bjarne Brøndbo.

Kort bak mørke solbriller.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, ikkje sant. Korleis er det når folk forventar dei same på kvar konsert, går de lei?

– Me har godt over 200 songar. Då.

Svara blir visst ikkje over seks ord.

– Har du noko forhold til Hellbillies eller, Bjarne? - Likar du musikken?

– Me debuterte same år. Men eg høyrer ikkje på musikk. Lyttar til radio då, så ein klarar jo ikkje unngå Hellbillies ...

Hallingkost

Det er ein sliten trøndergjeng som får servert nygrilla burger og entrecote på bakscena. No er det på tide å slå til. .

– Har de lyst på briskjitreak?

– Hæ?

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle snur seg og ser på dei fem matpapirkledde, brune pinnane.

– Ja, det er tradisjonelt godteri her i Hallingdal.

– Briss.. Kva for noko? spør gitarist i D.D.E, Frode Viken.

– Briskebær? svarar eg spørjande. Ingen reaksjon. – Einebær?

Endeleg nikkar trønderane annerkjennande. Dei bretter av papiret og tek eit realt tygg.

– Dette var godt jo, seier Bjarne Brøndbo. Me anar eit smil.

– Terningkast fem! legg gitarist Arnt Egil Rånes.

Jammen forsvinn heile skaftet. Oppdrag fullført.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hitparade

Det er klart for konsert. Får jammen håpe Bjarne Brøndbo har fått fjerna treaken frå jekslane.

Varaordførar Kjell Ålien erklærar Hallingmarken for open, og namsosingane i D.D.E kan innta plassane sine.

Dei serverer dei 2000 oppmøtte ein hitparade i kjend stil.

Gitaristane hoppar rundt på scena, vokalisten heng på seg trekkspelet. Publikum klappar og gjer det Bjarne befalar frå scena.

Han prøver å lære publikum eit «dansemove». Slår ein vits om at han må ta det ein gong til, i tilfelle det er nokon valdrisar der.

Hallingane ler med, «dessa valdrisan».

T-skjorta ryk halvegs uti konserten. Bjarne klaskar seg på rompa og gaular «det e rompa di som e kultuuuur» med røff vibrato.

I ein god time fyller D.D.E Nes med trøkk og energi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje var det hallingkosten som bidrog til det lille ekstra.