Catherine L. Sjong underviser i cubanske salsarytmar frå scenen i kultursalen i Hemsedal.
Catherine L. Sjong underviser i cubanske salsarytmar frå scenen i kultursalen i Hemsedal.

Bygdefest for parallelle univers

– Me ville skape ein fest for alle, både bygdefolk, asylsøkjarar og busette flyktningar.

Det seier Tori Snerte, ei av eldsjelene bak kulturserien «Meet Dance Eat» i Hemsedal. Dei har fått pengar til å lage seks arrangement i løpet av hausten og vinteren. Onsdag før jul var det tredje i rekka.

– I starten av kvart arrangement er det eit lite sceneshow. Me har skapt ein scene der folk kan få vise seg fram, og folk står i kø for å få opptre. I november hadde me ein syrar som dansa hiphop. Denne gongen var det unge lausdansarar frå Hemsedal. På denne arenaen er alt like eksotisk. Målet er at heile bygda skal bli inkludert, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møteplass for parallelle univers

Arrangementsgruppa kallar seg Hemsedal Skramleorkesteret. I besetninga er det folk frå ulike miljø som har slått seg saman for å skape ein inkluderande møteplass.

– For hundre år sidan var dei som budde i Hemsedal ei ganske homogen gruppe med dei same kulturelle referansane. Me har framleis eit sterkt landbruk, men i tillegg har me eit sterkt Skistar, men sin store kontingent sesongarbeidarar frå mange land, KRIK gir eit tilskot til eit aktivt kristenliv, og me har folk som buset seg her på grunn av puddersnø og alpine forhold. Hemsedal har blitt ein smeltedigel og eit internasjonalt samfunn, men dei ulike miljøa lever i parallelle univers. Målet vårt er å skape ein møteplass på tvers. Her blir alle like rare. Ikkje berre eg, seier Snerte.

17. mai heile året

«Meet Dance Eat» – namnet peiker på at gleda over dansen har ein stor plass.

Gutane på asylmottaket på Langeset har ansvar for kafedrifta kvar gong det er «Meet, dance, eat». I dag er det Faraidon Nazari (f.v.), Abdullah Husseini og Rohallah Rafee som har ansvar for vaffelsalet.

Det er årets mørkaste dag i Hemsedal. Det betyr også at det går mot lysare dagar. Under «Meet, dance, eat» vart solsnu markert ved å tenne solhjulet utanfor kultursalen i Hemsedal.
Det er årets mørkaste dag i Hemsedal. Det betyr også at det går mot lysare dagar. Under «Meet, dance, eat» vart solsnu markert ved å tenne solhjulet utanfor kultursalen i Hemsedal.
Lausdansarane i kulturskulen underheldt under Meet Dance Eat. Jeger Trøym er spelemann.
Lausdansarane i kulturskulen underheldt under Meet Dance Eat. Jeger Trøym er spelemann.
Tori Snerte.
Tori Snerte.

– Men me har også kafé. Dei som ikkje vil danse, kan henge i kafeen og prate med trivelege bygdefolk. Det blir som eit 17. mai-arrangement som samlar gamle og unge på tvers av alle miljø, seier ho. Kafeen er det dei unge asylsøkjarane frå Langeset asylmottak som driv. Onsdag var det Faraidon Nazari, Abdullah Husseini og Rohallah Rafee som hadde ansvar for vaffelpressa.

Plass til alle

Hemsedal Skramleorkester har fått 50 000 kroner i arrangementsstøtte frå UDI.

– Pengane brukar me til transport for dei som bur på mottaka og flyktningane elles i bygda. Det er fordi dei elles ikkje ville hatt sjanse til å kome. Men dei andre håpar me klarar å finne vegen sjølv. Det er plass til alle i kultursalen, seier Snerte.