Naturkatedralen på Sangefjell.
Naturkatedralen på Sangefjell. Foto: Privat

Bok om kyrkja utan tak

Tanken om eit gudshus på Sangefjell starta eigentleg tidleg på 1980-talet med ideen om ei enkelt utstyrt Ål-hytte, men endra fort karakter til ein naturkatedral under open himmel.

Sentralt i arbeidet sto hyttenaboane Jan P. Hagberg og Johan Lyche, begge forøvrig frimurarar. Dei vende seg til grunneigar Torstein Breie om grunn til ei kyrkje. Og det fekk dei, saman med klokkestupul, kyrkjeklokker og inskripsjonen som framleis heng der: «Vi lever ikke av brød alene. Vi må få klokker som ringe over hytteområder ved helg og høytid». Den første gudstenesta fann stad i katedralen påska 1987.

Lang veg

No har Jan P. Hagberg skrive bok om naturkatedralen. Vegen fram til kyrkjeleg aksept var lang og ikkje utan vanskar.

«Før innvielsen hadde det vært sterke diskusjoner. Ildsjelene ønsket Naturkatedralen vigslet som hellig sted til evig tid. Biskopen hadde nølt. En vigsling av et stykke natur var ukjent praksis i Norge. Det hadde også betydd åpen vei for alle kirkelige ritualer i Naturkatedralen. Resultatet ble nei til vigsling, men ja til innvielse og en kirkelig velsignelse. Slik ble det, og slik er det fremdeles», skriv Hagberg.

Regnfull dag

Først i 2001 blei kyrkja velsigna av biskop Sigurd Osberg.

«Søndag 2. september 2001 ble en regnfull, stor dag. Regnet velsignet alt og alle med sine byger av vann» skriv Hagberg.

Frå påskemesse i naturkatedralen i 2005.
Frå påskemesse i naturkatedralen i 2005. Foto: Egil Blomsø
Biskop Per Arne Dahl er den tredje og hittil siste av dei biskopane som har halde gudsteneste i naturkatedralen. Dette er frå påskemessa i 2017.
Biskop Per Arne Dahl er den tredje og hittil siste av dei biskopane som har halde gudsteneste i naturkatedralen. Dette er frå påskemessa i 2017. Foto: Egil Blomsø
Jan P. Hagberg har vore ein av fleire eldsjeler som har arbeidd for å få til naturkatedralen p¨å Sangefjell.
Jan P. Hagberg har vore ein av fleire eldsjeler som har arbeidd for å få til naturkatedralen p¨å Sangefjell. Foto: Egil Blomsø

I løpet av åra som har gått, har kyrkja hatt besøk av både prestar, prostar og tre biskopar, og paraplyar har vore ein viktig del av friluftsmessene, som går kvar Skjærtorsdag og den andre sundagen i august.

Kyrkje er i dag godkjent for bryllaup, barnedåp og nattverd. Alle som vil, kan gå dit når som helst og søke ro og meditasjon.

Ikkje tilfeldig

Kyrkja har form som ein hestesko, bygd opp av store kampesteinar som er funne ulike stader på Sangefjell, og ein voll kanta med jord. Jan Dalseide og gravemaskina hans var ein viktig faktor for å få denne ringmuren i stand, og seinare er det også reist ny klokkestupul og eit nytt alter av metall. Inne i ringmuren er det små «kapell», opningar som har kvar sitt tema.

– Staden er ikkje tilfeldig valt. Sola står i ein spesiell vinkel i høve til landskapet, og steinsirklane frå steinalderen skaper nokre heilt utrulege vibrasjonar, skriv Hagberg i boka. Han seier at dei som arbeidde med tanken og prosjektet, gjekk med ein visjon inne i seg. – Eg ser for meg at katedralen berre vil bli vakrare og sterkare år for år. Eg tur det vil skje under her oppe.

Privat

Boka inneheld ein gjennomgang av alle sider og element rundt og ved Naturkatedralen, inkludert tema for dei små «kapella». Fleire av kapitla har eit andaktsprega innhald. Boka har og informasjon om Pilgrimsstigen, eit anna av Hagberg sine prosjekt på Sangefjell. Den startar – eller endar – ved naturkatedralen.

Boka er ei privat utgjeving som ikkje er i ordinært sal, men interesserte kan ta kontakt med Jan P. Hagberg på e-postadressa post@naturkatedralen.no

Bokfakta:

Jan P. Hagberg: Naturkatedralen på Sangefjell.

Lokalhistorie.

Eige forlag.