Finsehytta byr på blueshelg.
Finsehytta byr på blueshelg.

Blues på Finse

Til helga kjem det til å lyde blå tonar over Hardangerjøkulen, når Finsehytta for fjerde gong arrangerer Finseblues.

Dette skjer frå fredag til sundag og blir ei langhelg med god bluesmusikk, god heimelaga mat og god stemning i flotte omgjevnader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets gjester inkluderer namn som Bill Booth, som blir omtalt som ein roots-variant av Fanitullen. Bill Troiani vann Spellemannspris i 2010 i kategorien blues. Joakim Tinderholt er ein av Norges fremste bluesartistar og Billy T Band er eit norsk blues/soulband med to CD-ar bak seg.

Fleire opplysningar på www.finsehytta.no