"Svever på luft".
"Svever på luft".

«Blå» konsert frå kulturskulen

Hol kulturskole inviterer tysdag 24. november til ein blå kveld med blå musikk på Geilo samfunnshus.

Blå er himmel-fargen, og i eldre tider var blått ein svært eksklusiv og dyr farge å framstille. Difor er kongeblå eit anna namn på fargen. Blå er ein av dei få fargane som er brukt i heraldikken, og i Hol sitt kommunevåpen er bakgrunnsfargen nettopp blå.

Blå er rekna som ein kald farge, men når me snakkar om blåtonar i musikken så vert det noko heilt anna. Blåtone eller «blue note» finn du i blues, og jazz, men opphavet er folkemusikken der ein orienterer seg etter øyret, dvs. naturtonerekka. Det er difor eit spørsmål om «feeling».

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane i kulturskolen har i haust leita etter den blå «feelingen» på ulike vis og har kome fram til mange kreative innfallsvinklar som publikum kan glede seg til. I tillegg til eit godt knippe av musikkelevane, bidreg kunstelevane med å fargelegge konserten.