På ein togstasjon står seks menneske og ventar på eit tog som aldri kjem. Det er utgangspunktet for «Kan nokon gripe inn» på Det Norske Teater.
På ein togstasjon står seks menneske og ventar på eit tog som aldri kjem. Det er utgangspunktet for «Kan nokon gripe inn» på Det Norske Teater.

Bjellas store kveld

– Dette er heilt rått! Slikt skal jo eigentleg ikkje gå an å skje med folk som lever.

Ein stappfull sal jubla laurdag kveld på Det Norske Teater. Premieren på «Kan nokon gripe inn», eit musikkteater basert på Stein Torleif Bjella sin musikk, gjekk rett til himmels og vart ein suksess utan like.

På ein togstasjon står seks menneske og ventar på eit tog som aldri kjem. Dei er vanlege menneske, med håp og vanskar. Den gravide jenta ventar på barnefaren Stanley. Ei dame har mista sonen – og er i ferd med å miste både seg sjølv og ektemannen også. Ein optimist saknar noko som kan vere noko, ein kunstnar lengtar ut av bygda, medan ein pusling treng selskap for å ikkje bli innegubbe. Alle møtest dei på stasjonen mellom linje 1 og 9, og saman syng dei oss gjennom det eine trøblete livet etter det andre i forestillinga «Kan nokon gripe inn».

Artikkelen held fram under annonsen.

Strålande kritikk

«Prøysen er død – lenge leve Bjella» skriv Aftenposten og rullar seksaren. «Røft og rufsete musikkteater med både vemod og humor» legg VG til og rullar ein femmar. Aftenposten tek det vidare og skriv at forestillinga må vere «ein berusande følelse for Bjellas trufaste fans. For alle andre vil han vere ei openberring» før dei slår på stortromma og gjev seks prikkar på terningen. «Kan nokon gripe inn er ei forestilling som stoppar livet ditt i 90 minutt. Når det heile er over går du ut i kveldsmørket litt mindre åleine», legg dei til. Og dei er ikkje åleine om å vere begeistra; det er store, beundrande ord overalt kor ein snur seg i gangane. Det er ingen tvil om at dette er Bjella sin kveld.

Imponert

– Dette er heilt rått! Eg er uendeleg stolt. Tenk å få oppleve noko slikt. Dette skjer jo eigentleg ikkje med folk som lever, seier ein rørt Bjella sjølv frå etterfesten i foajeen. Publikum er der framleis, ingen vil heim denne kvelden.

– Eg er utruleg imponert over skodespelarane – sjølv følte eg meg både som hemnaren, puslaren og av og til den gravide jenta i kveld, smiler han.

Etter forestillinga heldt Stein Torleif Bjella ei tale der han rosa teateret, skodespelarane, bandet og alle som har hjelpt han fram. – Eg er uendeleg imponert, sa han.
Etter forestillinga heldt Stein Torleif Bjella ei tale der han rosa teateret, skodespelarane, bandet og alle som har hjelpt han fram. – Eg er uendeleg imponert, sa han.
Kjersti Dalseide skein på scena. Det vart lagt merke til av fleire mediekanalar.
Kjersti Dalseide skein på scena. Det vart lagt merke til av fleire mediekanalar.
Alle ville ha ein bit av Stein Torleif Bjella etter forestillinga, og avisene kallar han blant anna for «vår tids Prøysen».
Alle ville ha ein bit av Stein Torleif Bjella etter forestillinga, og avisene kallar han blant anna for «vår tids Prøysen».
Ål-ordførar Solveig Vestenfor gratulerer Kjersti Dalseide med forestillinga. Ei forestilling ho heilt subjektivt meinte var heilt fantastisk.
Ål-ordførar Solveig Vestenfor gratulerer Kjersti Dalseide med forestillinga. Ei forestilling ho heilt subjektivt meinte var heilt fantastisk.

– Plutseleg vart det litt ekstra

Den gravide jenta – spelt av ålingsjenta Kjersti Dalseide smiler også. Og med god grunn etter ein imponerande prestasjon på scenen, både når det gjeld skodespel og song. For det er sjeldan å høyre så presise tonar, enten dei er låge eller høge, i kombinasjon med eit så talentfullt skodespel.

– Ho er eit sjeldan funn, heilt fantastisk både på scenen og bak scenen, fortel medskodespelar Hallvard Holmen etter premieren.

– Det var veldig moro å stå på scena, fortel Dalseide i foajeen.

– Eg har eigentleg ikkje tenkt så mykje på at dette er annleis enn andre forestillinga eg har gjort tidlegare, eg er jo på ein måte berre på jobb. Men like før premieren kom eg på at dette her er jo Ål og Stein Torleif. Og at han – og så mange andre hallingar sat i salen – så vart dette plutseleg litt ekstra, legg ho til.

Opna for nye historier

Og litt ekstra var det nok for fleire denne kvelden. Tårer trilla, latteren rulla og alle prata engasjert om det dei nettopp hadde vore vitne til. For å sjå forestillinga, ei forestilling der dei fleste replikkar er bytta ut med forskjellige songstrofer frå forskjellige songar mot kvarandre, var å opne opp Bjella sine tekstar til heilt nye historier.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan vel seie eg kjenner desse songane ganske godt, men likevel opna det opp for nye menneske bak songane og nye tolkingar, smiler ei stolt forfattarkone Hedvig Johanne Rud. Ei anna stolt dame var ordførar i Ål, Solveig Vestenfor. Framom heile publikum takka ho Stein Torleif og teateret for ei flott forestilling.

– Dette var gripande og godt, latterfremmande og tårevått, sa ho.

Kan nokon gripe inn blir spelt på Det Norske Teatret fram til 25. april, før det seinare reiser ut på norgespremiere til hausten. Turnepremieren er på Ål kulturhus 11. oktober.