Brynjar Takle Ohr (gitar/vokal), Håvard Takle Ohr (trommer/vokal), Tommy Reite (bass) og Øyvind Blomstrøm (gitar/vokal) spelar på historias første Sundreball
Brynjar Takle Ohr (gitar/vokal), Håvard Takle Ohr (trommer/vokal), Tommy Reite (bass) og Øyvind Blomstrøm (gitar/vokal) spelar på historias første Sundreball

Ball på Sundrehall

Daniel Kvammen, El Cuero og Kings of Lien er berre nokre av namna på festivalprogrammet til årets første nykommar på festivalfronten – Sundreball.

Mange meiner det skjer for lite i distrikta, men ikkje alle gjer noko med det. No går det mot festivaltid på Ål. 11 artistar er alt klare for tur til fjells og vil varme opp publikum over tre dagar, frå 30. januar til 1. februar.

Sprek plakat

Øvst på plakaten står El Cuero fredag. Det er eit norsk rockeband, som har turnert flittig og spelt på dei største klubbscenane og festivalane her til lands sidan 2005. Dei har etter kvart fått eit namn. Så seint som i fjor spelte dei også på Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Daniel Kvammen, som nyleg fekk årets musikkpris for 2013 under julejammen på Gol, kjem med fullt band laurdag.

Då kjem også Kings of Lien, Pristine og Store Norske Seeger Session, eit tolvmannsorkester med Pete Seeger på repertoaret. Materialet er kanskje meir kjent gjennom Bruce Springsteen i nyare tid.

Phone Joan kjem med plate i år og får mange godord for konsertane sine.

Heidi Solheim er frontfigur i Tromsø- bandet Pristine.
Heidi Solheim er frontfigur i Tromsø- bandet Pristine.
Store Norske Seeger Sessions er 12 musikarar frå Østfold, Värmland, Oslo og Drammen. Håvard Lippestad, Erik Nilsson, Gjermund Stordahl, Kjetil Haugbro, Eddy Lyshaug, Rino Silden, Maria Larsson, Jørn Ellingsen, Vidar Bråthen, Peder Øyseth, Anett Roselin Svardal og Gry Roselin Stivang.

Gunn Randi Myro, Oddvar Myro og Øystein Myro er stammen i bandet Myro. I tillegg har dei med seg Kåre Myro, Kjetil Økland og Stian Fekene.
Gunn Randi Myro, Oddvar Myro og Øystein Myro er stammen i bandet Myro. I tillegg har dei med seg Kåre Myro, Kjetil Økland og Stian Fekene.
Daniel Kvammen markerte seg sterkt i 2013, blant anna på julejammen. Laurdag troppar geilingen opp med band på Ål.
Daniel Kvammen markerte seg sterkt i 2013, blant anna på julejammen. Laurdag troppar geilingen opp med band på Ål.
Herman Kvelprud, Terje Vesterøy, Lars Jonas Bergo, Tobias Flottorp Heltzer og Arne Steinar Myrvang er Svarteper.
Herman Kvelprud, Terje Vesterøy, Lars Jonas Bergo, Tobias Flottorp Heltzer og Arne Steinar Myrvang er Svarteper.
Spelar på Sundreball.
Spelar på Sundreball.

Dreg i gang

– For oss handlar dette om å dra i gang noko. Andre får det jo til. Kvifor skal ikkje me? spør Øystein Etterlid.

Han er ein av dei to primus motorane som ikkje er fornøgd med å setje seg til i sofakroken når det lir mot helg. Sidan i haust har han og Erlend Medgard jobba for å hyre artistar til festivalen.

Telt og hall

Konsertscena blir på Sundrehall, mens det blir sett opp eit stort telt, blant anna til servering, på plassen utanfor.

– Me skal klare å varme det opp, om det ikkje blir beinkaldt då, seier arrangørane. Dei skal snart i gang med å rigge opp. Fleire frivillige har meldt seg for å hjelpe til. Dei manglar berre eit par hender til, men er ikkje uroa.

Lokal profil

Ål markerer seg stadig oftare på den musikalske fronten, også nasjonalt. Sundreball er også ein arena som viser at det spirer og gror i underskogen. Ikkje minst på festivalavsparket torsdag. Svarteper er lokalt forankra. Det er også Eldbjørg Nedrestøl, Lene Storhaug og bandet Myro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeid

Festivalen er eit samarbeid med Hallingdal Feriepark. I parken blir det eit barneprogram med Dinosaus laurdag. Kvelden før blir det matservering og underhalding også der.

– Me håpar folk finn vegen. Det hadde vore bra om me ikkje gjekk i minus, seier Etterlid. Sundreball har eit budsjett på 250.000. Ål kommune har bidrege med femti av dei. Resten håpar dei kjem i døra og i baren.