Ålingen Sigurd Tunestveit står for vokalen og gjendiktinga av tekstane og med seg har han eit habilt band med Thomas Husmo Litleskare på trompet, Kjetil Jerve på piano, Stian Andreas Andersen på kontrabass og Tore Flatjord på trommer.
Ålingen Sigurd Tunestveit står for vokalen og gjendiktinga av tekstane og med seg har han eit habilt band med Thomas Husmo Litleskare på trompet, Kjetil Jerve på piano, Stian Andreas Andersen på kontrabass og Tore Flatjord på trommer.

Baker Hansen i kulturkyrkja

Baker Hansen er historia om fem norske som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise.

Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål. Fredag er dei i kulturkyrkja på Geilo.

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjere? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeidde med ei rekkje norske musikarar. Særleg kjent er album-samarbeidet «Blåmann! Blåmann!» med Jan Erik Vold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når så kvintetten Baker Hansen tek opp denne arven, er det låtar frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål.

Tekstar på vårt eige språk gir høve til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med «nye øyre» på klassikarar frå

standardrepertoaret, slik som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med Baker Hansen sine ord, Aldri finn eg ei nett slik som deg og Min fine hjarteven. Og kva for klassisk jazzlåt kan skjule seg bak tittelen «Eg vert så lett forelska?