To steinkjellarar tett i tett på same tunet, Radøy.
To steinkjellarar tett i tett på same tunet, Radøy.

Av stein er du komen

Gråsteinen var gull verd i bonden sitt landskap. Steinen var spadd opp av jorda, henta i urda eller sprengd or fjellet.

Det vart reist milelange steingardar, vakre veganlegg og små og store steinhus.

Suksessbok

For nokre år sidan reiste Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth rundt og leita opp gamle låvar. Resultatet vart det suksessrike bokverket «Norske låvar». No er dei ute att med ei ny bok, «Av stein», som på mange måtar er eit biprodukt av det forrige prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestlandet

– På veg landet rundt på leit etter løer og gamle låvar, såg me mange fine steinhus, seier dei i forordet tilden nye boka.

Og ingen stad kunne rikdommen på steinarkitektur måle seg med den dei fann i bygdene nord for Bergen.

Med støtte frå landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland har dei no produsert ei heilt ny boka som berre handlar om stein og steinhus.

Steingard, Lindås.
Steingard, Lindås.
Kystbonden bygde kastegardar for å stenge inne fiskestimar. (Foto Oddleiv Apneseth).
Kystbonden bygde kastegardar for å stenge inne fiskestimar. (Foto Oddleiv Apneseth).
Saman gjer steinane steinbrua sterk. Brautaset, Ørsta.
Saman gjer steinane steinbrua sterk. Brautaset, Ørsta.
Av stein.
Av stein.
Eva Røyrane.
Eva Røyrane.
Oddleiv Apneseth.
Oddleiv Apneseth.

Tunge tak

– I dag står dei gamle murane og fortel historie: om levemåten den gongen då stein var ein av få ressursane mange bønder hadde rikeleg av. «Av stein» dokumenterer vakre byggverk og tunge tak. Boka viser at dugande handverkarar fekk reist mange murar sjølv om steinen var alt anna enn samarbeidsvillig. I boka møter me steingarden, bakkemuren, steinløa, gardfloren, torvhuset og – ikkje minst kjøleskåpet utan stikkontakt – jordkjellaren.

Tradisjonar

Vestlandet er truleg mykje rikare enn Hallingdal på steinarkitektur, men også i vår region er det tradisjonar for naturens eige byggemateriale. Sjå berre på steinbuene i fjellet. Mange og lange steingardar fortel også om hardt arbeid, og dei store steinrøysene dokumenterer at det har ikkje mangla på råstoff.

Kompetanse

At stein er eit materiale som krev særleg kompetanse, ser me når me i dag må importere sherpaar frå Tibet for å bygge steintrapper. Men også i Norge, og i sær på Vestlandet, vart det bygd mange steinbygningar. Særleg i våre forfedres tid. Men enno finst det nokon som kan kunsten. Og her er eit par råd til den som vil prøve seg med stein:

Sju gongar

– Du skal snu steinen sju gongar for å bli kjend med han, heiter eit godt råd frå ein gammal steinmurar. Og du skal vere tolmodig og gi deg tid. Og det er ikkje berre slit og fysisk strev. Du må planlegge plasseringa nøye. Steinmuring er 90 prosent hjernearbeid og 10 prosent fysisk innsats. Og så får du løn for strevet; ein reparert steinmur vil garantert bli liggande i eit par hundre år.

Bak boka

Eva Røyrane er tidlegare journalist i Bergens Tidende, og har gitt ut mange bøker. Oddleiv Apneseth er dokumentarfotograf og har også mange bokprosjekt bak seg. Mellom anna boka «Jølster 2008» der han fotograferte samtlege innbyggjarar i Jølster kommune. Sonen Erlend Apneseth er busett i Hallingdal og kjend som ein framifrå spelemann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eva Røyrane (tekst) og Oddleiv Apneseth (foto): Av stein.

Kulturhistorie.

Skald forlag.