DeLillos toppar plakaten til Sundreball laurdag. (Presse
DeLillos toppar plakaten til Sundreball laurdag. (Presse

Alt onsdag brakar det laus

Sundreball feirar fireårsjubileet med å utvide frå tre til fire konsertkveldar.

– Det er litt tilfeldig at det vart slik i år. Det var onsdagen som passa i turneruta til Sondre Lerche. Me kunne ikkje la han reise forbi, seier arrangør Øystein Etterlid.

Skrint med urbane hipsterar

Det jamne festivalpublikumet er vaksne folk, men Etterlid håpar at den groovy og dansbare bergensaren også vil lokke ungdomen til å lyfte blikket frå iPadane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei kjem til å få bakoversveis. Sondre Lerche er den av artistane på festivalprogrammet som har spelt på dei største konsertscenane, både i inn- og utland. Han veit kva han driv med. Det er rett nok ikkje så mange unge, urbane hipsterar i Hallingdal, men dette er ein konsert som høver for alle. Ungdomen bør i alle fall vakne og kome seg ut, seier han.

Roleg og intim americana

Opningskvelden byr på groovy danserytmar og trøkk. Torsdag gjer festivalprogrammet eit stemningsskift når Audun F. Skjøberg og Darling West entrar scenen. Darling West, med ekteparet Mari Kreken og Tor Egil Kreken frå Ål, og Kjetil Steensnæs, gav i fjor ut sitt andre album, «Vinyl and a Heartache». Albumet har fått strålande kritikkar og er nominert til spelemann for årets beste countryalbum.

– Sundreball er for alle, men kanskje ikkje alle på likt? Programmet har ulikt fokus dei ulike kveldane. Torsdag blir det roleg og intimt, seier Etterlid.

Unni Wilhelmsen Trio. (Pressefoto)
Unni Wilhelmsen Trio. (Pressefoto)
Darling West. (Presse
Darling West. (Presse
Trondheimsveien 16 spelar på Sundreball. (Pressefoto)
Trondheimsveien 16 spelar på Sundreball. (Pressefoto)
Honningbarna skal rocke Sundreball fredag. (Pressefoto)
Honningbarna skal rocke Sundreball fredag. (Pressefoto)
Rockebandet Red Intentions er Sundreballs lokale alibi.
Rockebandet Red Intentions er Sundreballs lokale alibi.
Bare Egil Band. (Pressefoto)
Bare Egil Band. (Pressefoto)
Erlend Medgard.
Erlend Medgard.
Øystein Etterlid lydmann og ein av initiativtakarane
Øystein Etterlid lydmann og ein av initiativtakarane

Fredagen er rockekvelden. Då kjem dei hardaste banda Gaffoot, Grand Island og Honningbarna. Også lokale Red Intentions går på scenen denne kvelden. Det gjer også einmannsorkesteret til rockar og humorist, Bare Egil.

Folkeband og ukjende godbitar

Dei tre fyrste åra var det mange «ukjende» artistar på Sundreball. Festivalen ville gje publikum artistar dei ikkje visste at dei kom til å like. Årets program har fleire kjente namn.

Sondre Lerche, Bare Egil Band og Honningbarna har eit stort publikum. Og laurdag har arrangørane toppa plakaten med Unni Wilhelmsen og DeLillos. Dette er band som folk har forventningar til. Korleis blir det å innfri forventningane?

– Artistane leverer. Det er eg trygg på. Dessutan skal me skape festivalstemning i dalens trivelegaste konsertarena, seier Etterlid. Saman med kompis og medarrangør Erlend Medgard, har dei også eit par godbitar på lur til å overraske publikum med, Grand Island og Trondheimsveien 16.

– Dei blir ei overrasking for mange. Også Lisa Lystam Family Band er ein godbit folk ikkje veit om, seier Medgard.