Spellemannprisvinnarane Darling West på Sundreball i Ål.
Spellemannprisvinnarane Darling West på Sundreball i Ål.

1300 på Sundreball

– Det er svært bra, seier Øystein Etterlid i festivalleiinga.

Det var eit sterkt program på Sundreball i helga. Laurdag kveld stod mellom andre Unni Wilhelmsen, Lisa Lystam Family Band og deLillos på scena. Og mange hadde funne vegen til festivalteltet på Sundre.

Festivalgjester som Hallingdølen prata med var fulle av lovord om årets festival.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig stas med ein så bra festival i si eiga bygd, slår Sigrun Jorde, Anette Saue og Inger Johanne Lid fast.

Dei tre damene var godt fornøgd med det varierte programmet.

Mange dugnadstimar

Totalt 1300 gjester var innom dørene i løpet av fire festivaldagar.

Unni Wilhelmsen spelte saman med Solveig Heilo (t.h.) og Hanne Mari Karlsen (i bakgrunnen).
Unni Wilhelmsen spelte saman med Solveig Heilo (t.h.) og Hanne Mari Karlsen (i bakgrunnen).
Publikum fekk mykje kvalitetsmusikk i løpet av festivalen.
Publikum fekk mykje kvalitetsmusikk i løpet av festivalen.
Lisa Lystam Family Band leverte ein energisk konsert.
Lisa Lystam Family Band leverte ein energisk konsert.

– Det er svært bra, seier Øystein Etterlid i festivalleiinga.

Han fortel om eit vellykka arrangement og at alt gjekk som planlagt. Mykje takka vere ein enorm dugnadsinnsats.

– Mange møter opp på eige initiativ og legg ned veldig mange timar her. Det set me utruleg stor pris på, seier han.

Wilhelmsen bergtok publikum

Med fjorårets konsert med Stein Torleif Bjella friskt i minnet var det knytt spenning til om publikum ville klare å halde praten på eit lågt nivå under konserten med Unni Wilhelmsen laurdag kveld.

– Du kunne nesten høyre ei knappenål gå i golvet. Musikken og artisten hadde full merksemd, fortel Etterlid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Artistane var også nøgd med festivalen skal me tru Etterlid.

– Me prøver å gjere det så triveleg som mogeleg for dei. Scena er ikkje stor, men me har flinke folk som artistvertar.