Usikre smitte-tal i Hallingdal

Om ein skal operere berre etter registrerte positive testar, er det no 22 koronasmitta i Hallingdal. Men talet er truleg langt større. Mørketala kan vere store, rett og slett fordi veldig mange ikkje blir testa.

Her er oversikta over dei positive prøvene me veit er registrert:

Artikkelen held fram under annonsen.

Flå: 0

Nesbyen: 1 (samt fem hyttenesningar)

Gol: 2

Hemsedal: 2

Ål: 1

Hol: 12

Samtidig veit me at situasjonen er annleis. I Nesbyen vart det torsdag ettermiddag avdekt mange sjuke, som følgje av eit sosiale lag førre tysdag. Her er berre ein person testa og har avlagt positivt svar, men mange fleire er sjuke. I alt er 19 personar isolert og rekna som koronasjuke etter dette tilfellet, 11 i Nesbyen, sju i Gol og ein i Hemsedal. Men mangel på testutstyr og strenge kriterium for kven som blir testa, gjer at biletet er annleis enn kva tala viser.

Fredag morgon kom Folkehelseinstituttet med nye retningslinjer for testing. Dei ser slik ut:

Artikkelen held fram under annonsen.

FHI prioriterer dei som har akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller er kortpustet, og som samtidig:

* Har behov for innlegging.

* Er pasient eller bur i ein helseinstitusjon.

* Er tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid. (Denne gruppa kan vurderast for testing også ved mildare akutte luftvegssymptom som har vara i over to døgn).

* Er over 65 år og har underliggande, kronisk sjukdom (som hjarte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk).

* Har vore i nærkontakt med ein person som har bekrefta koronasjukdom.

Desse meiner dei ikkje bør bli prioritert:

* Personar utan symptom skal ikkje testast for covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Personar som har lettare akutt luftvegsinfeksjon blir vanlegvis ikkje tilbode test, heller ikkje etter reise. Dei skal halde seg heime til ein dag etter at dei er symptomfri.