Uroleg for auka smitte i sommar

Sommararrangement og auka pågang på serveringsstadene gjer at Folkehelseinstituttet uroar seg for lokale utbrot av koronaviruset.

Det viser den niande risikovurderinga som Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte torsdag.

– Vi fryktar at massesmitte kan gi opphav til store lokale utbrot. Slike hendingar kan føre til forskjellar i utbreiinga i landet. Som tidlegare varsla er det nødvendig å følgje situasjonen nøye framover, no som vi opnar opp samfunnet, seier direktør Camilla Stoltenberg ved Folkehelseinstituttet.

Ho peikar på at sjølv om sannsynet og risikoen for spreiing i Noreg no blir vurdert som moderat, så må det planleggjast for ein ny nasjonal bølgje.

(©NPK)