To bergingsoppdrag i natt - no er begge vegane opne

Både Rv7 over Hardangervidda og Rv52 over Hemsedalsfjellet var ein periode stengt for tungbilberging natt til tysdag. På Rv52 var det snakk om eitt køyrefelt som var sperra i ein periode, ved Bjøberg.

Tysdag morgon melde Statens vegvesen at begge fjellovergangane var opna for fri ferdsel att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjå ein oppdatert oversikt over fjellovergangane i Sør-Norge.