Henrik Fagerli Rukke og dei andre landslagsløparane ladar opp til sesongen, men veit ikkje når dei får konkurrere internasjonalt att.

Skøyteløparar i uvisse: Fire verdscuphelger avlyst

Måndag kveld kom meldinga frå det internasjonale skøyteforbundet om at dei avlyser dei fire fyrste verdscuphelgane denne sesongen. Det betyr at verdscupen i USA, Canada, Polen og Norge er avlyst. I ei pressemelding skriv ISU at endringane skjer grunna koronapandemien, og at dei kjem tilbake med meir informasjon om eventuelle andre løysingar.

Ifølge landslagsløpar Henrik Fagerli Rukke har det i sommar vore fleire forslag til måtar å arrangere løpshelger på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som er rimeleg sikkert er at verdscup tre og fire i USA og Canada går ut, men det er snakk om ein variant der alle er samla over tid, og at det blir arrangert fleire verdscuprundar på ein plass. Eg har høyrt snakk om to eller fire helger i Heerenveen, sa Rukke før helga.