Rv7 opna att for vanleg trafikk

Det var lenge manuell dirigering av trafikken og lange køar på Rv7 mellom Gulsvik og Flå torsdag kveld. Årsaka var at ein trailer hadde køyrt inn i fjellveggen. Ved totida natt til fredag melde Vegtrafikksentralen at vegen var opna att for fri ferdsel etter bilberging.