Rv52 over Hemsedalsfjellet var stengt

Vegen har vore stengt i fleire timar tysdag, og ifølgje Statens vegvesen vil det enno ta tid før den opnar.

Årsaka er berging av eit vogntog. Litt over klokka 18.00 fekk vegvesenet melding frå entreprenøren at det vil gå nokre timar til før dei er ferdig med berginga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt seinare vart det innført manuell trafikkdirigering på staden.