Retningslinjer for frivillige: – Set varene på trappa!

Frivillige organisasjonar og Helsedirektoratet har utarbeidd nasjonale retningslinjer for frivillige som bidreg med utlevering av nødvendige varer til folk i karantene eller isolering.

– Føremålet er å redusere smittespreiing gjennom utlevering av nødvendige hushaldningsartiklar til privatpersonar i heimeisolering eller heimekarantene, seier Erlend Aarsæther, leiar for Førstehjelp og redningsteneste i Norsk Folkehjelp.

Retningslinjene skal etablere eit nasjonalt system for bistand til kommunane frå dei frivillige organisasjonane under den pågåande koronasmitta. I tillegg skal dei sikre at frivillige ikkje bryt smittebarrierar og at dei ikkje gjer helsefaglege vurderingar i løpet av oppdraget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frivillige organisasjonar kan hente og levere nødvendige hushaldningsartiklar til personar som er isolert eller i karantene i heimen sin, på oppdrag frå kommunen, seier Aarsæther.

– Ingen frivillige skal gå inn i hus eller leilegheiter, eller ha direkte fysisk kontakt med personar i heimeisolering/-karantene. Dei frivillige ringer eller bankar på dør og går. Dei skal også bruke eingongshanskar som skal vrengast og kastast i søppeldunk med ein gong, seier Aarsæther.

Retningslinjene slår fast at det er kommunen som skal ha direkte kontakt og oppfølging med lokale butikkar eller utleveringsstader, og koordinere uthenting av varer på vegner av dei frivillige organisasjonane.

Med mindre anna spesifikt er avtalt, skal oppdraga utførast på ein måte som ikkje krev verne-/beskyttelsesutstyr.

Organisasjonane som står bak retningslinjene i samarbeid med Helsedirektoratet er: Norsk Folkehjelp, Norske Kvinners Sanitetsforening og Røde Kors.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her