Polaris kjøper Sunnhordland

Avisa Sunnhordland vart i 2018 kåra til årets lokalavis i Europa.

Polaris Media kjøper aksjemajoriteten i Mediehuset Sunnhordland på Stord. Det betyr at avisa Sunnhordland går frå å vera lokaleigd til å bli konsernavis.

– Me har kjent Polaris Media lenge, og har blant anna eit godt samarbeid om teknologiutvikling og teknologiske løysingar i dag. Me har erfart at Polaris Media har same genuine ønskje om å utvikla lokale og regionale mediehusposisjonar som oss, og har samanfallande strategiar på trykk og distribusjon, seier dagleg leiar Reidar Hystad i Mediehuset Sunnhordland til Sunnhordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sunnhordland, Hordland og Hallingdølen er tre ganske jamstore lokalaviser med lokale eigarar som har samarbeidd mykje dei siste åra. Alle tre avisene kjøper tekniske tenester hjå Polaris Media Sør, tidlegare Agderposten Medier.