Opphever besøksforbodet ved Ål helsesenter

Laurdag bestemte kriseleiinga i Ål seg for å innføre besøksforbod ved helsesenteret i Ål, etter ein positiv koronaprøve knytt til sjukeheimen. Måndag kom ei koronaprøve dei venta på att som negativ, og dei kommunen kunne puste letta ut.

Tysdag melder ordførar Solveig Vestenfor om at besøksforbodet oppheva frå og med torsdag denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No går me tilbake til å ha besøkskontroll, seier ho.

I tillegg blir også dagsenteret opna opp att torsdag.

– Alle prøvene me venta på måndag kom att negative. Men framleis er det ting me er spente på, så me har ikkje skrudd av brytaren i Ål enno, seier ordføraren.