Vil du bidra til å halde hjula i gang i Nore og Uvdal, ta kontakt med frivilligsentralen i kommunen.

Ønskjer fleire frivillige

Kan du bidra med ting som barnepass, handling, snømåking eller vakter for helse og omsorg?

Då vil frivilligsentralen i Nore og Uvdal at du melder deg, slik at kommunen får ein oversikt over personar som ønskjer å trø til for fellesskapet og halde hjula i gang.

– Kva slags oppgåver det kan dreie seg om er litt vanskeleg å seie. Behova kan variere. Ta kontakt om du vil bidra, så lenge du ikkje er i risikogruppa, seier Britt Guton Halland, leiar av frivilligsentralen, på nettsidene til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt er det ingen kjente tilfelle av koronasmitte i kommunen, men fleire sitt i karantene.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her