Nytt smittetilfelle i Gol - har no ni koronasjuke

Gol fekk bekrefta to nye koronasmitta laurdag. Sundag kan kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam fortelle om ytterlegare eitt.

– Det var eit tilfelle der me mistenkte smitte, så smitteverntiltak var alt i gang. Smittekjelda er kjent, seier Thurainayagam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at han har hatt jamleg kontakt med vedkommande, som er i betring.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Gol er no oppe i ni smittetilfelle. Laurdag vart ein av dei koronasjuke lagt inn ved Ringerike sjukehus, med alvorlege luftvegsymptom. Tilstanden er stabil.

Sundag kveld klokka 18.00 var 81 personar i Hallingdal bekrefta smitta, fordelt slik:

Flå: 1

Nesbyen: 14

Gol: 9

Hemsedal: 6

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål: 9

Hol: 42

Nore og Uvdal står registrert med eitt tilfelle.

Les også
Gladmelding frå Hol: – Ja, det blir påskeradio i år også
Les også
Han står bak omdiskutert hytteorganisasjon
Les også
Aldri aktuelt å sette inn Heimevernet i hyttefelta