Nye råd for dei med symptom på forkjøling

Folkehelseinstituttet har oppdatert råd til personar med symptom på akutt luftvegsinfeksjon: No bør dei halde seg heime.

Det gjeld også lette symptom på forkjøling eller vondt i halsen, men dei fleste treng ikkje å bli testa for koronaviruset. Testane er forbeholdt sårbare grupper og helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personar som har nærkontakt med personar som viser symptom, kan framleis gå på jobb og treng ikkje gå i karantene. Det gjeld også helsepersonell.

Folkehelseinstituttet anbefaler likevel at dei må vere ekstra merksame, spesielt om dei sjølv skulle vise symptom.