No er vegen over Imingfjell open

Fredag klokka 12 var det slutt på vinterstengt veg over Imingfjell mellom Uvdal og Tinn.

Fv2814 skulle eller planen opnast 1. april, men på grunn av uvêr vart opninga utsett to dagar. Fredag litt før klokka 12 var det klart for ferdsel over fjellet mellom Gavlen og Imingfjell turistheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen vart vinterstengt 1. desember. Det har vore diskutert om ein skal opne for vinterveg over fjellet. Før jul sa Buskerud fylkesting ja til dette, Telemark nei. Vestland har ikkje behandla spørsmålet.