Bergingsbilen i gang med å få lastebilen på plass etter at han i fleire timar hadde sperra Fv40 ved Kikut.

Lastebil sperra Fv40 - no er vegen open att

Ein lastebil sperra trafikken i nesten fire timar på Fv40 ved Kikut på Geilo.

Lastebilen fekk problem ved 10-tida torsdag, og sperra trafikken i begge retningar.

Rett før klokka 11 melde politiet at ein tungbilbergar var på veg. Det ville likevel ta noko tid, så vegen ville vere stengt minst til klokka 12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt før klokk 14 melde politiet at vogntoget var berga og fylkesvegen open for trafikk att.

Lastebil på tvers skapte trafikktrøbbel ved Kikut.