Lastebil med hengar har køyrd av vegen

Det eine vogntoget er ikkje meir enn kome på vegen att før eit nytt har enda i grøfta.

Klokka 20:21 melder politiet om ein lastebil med hengar som har køyrd av vegen på Rv52 i Hemsedal.

– Lastebilen skal stå i ein sving og vera til fare for andre trafikantar, melder politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utforkøyringa har skjedd på Tuv, eit lite stykke vest for krysset mot Grøndalen, før Støyten bru.

Det er ikkje meldt om nokon personskade.

Bilbergar var venta til staden rundt klokka 22.

Les også
Vogntog skapte kaos på Rv7 - sjåføren bøtelagt
Les også
Store problem då lastebil køyrde av vegen - no er Rv52 open att
Les også
Villreinen søkjer austover til gode vinterbeite: - Dette er flott!