Krisetiltaka frå regjeringa

* Regjeringa vil redusere talet på dagar med lønsplikt for arbeidsgjevarar ved permittering frå 15 til to dagar. Det betyr at staten tek ein større del av regninga for bedrifter som no får problem.

* Regjeringa opphever ventedagane før dagpengane startar for dei som blir permitter. Det blir også lettare å få dagpengar, då kravet til arbeidstidsreduksjon blir senka frå 50 til 40 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Regjeringa vil endre skattereglane, slik at eigarar av bedrifter som går med underskot skal kunne få utsetting av betaling av formueskatten.

* Regjeringa vil endre skattereglane slik at bedrifter som går med underskot i år kan tilbakeføre underskotet mot beskatta overskot frå tidlegare år.

* Regjeringa vil midlertidig oppheve flypassasjeravgifta for flygingar i perioden 1. januar 2020 til 31. oktober 2020.

* Regjeringa gir meir pengar til fylkeskommunane til kompetanseheving og opplæring i bedrifter som blir ramma av virusutbrotet.

* Kommunar som har hatt større utgifter enn beregna som følge av virusutbrotet vil få meir pengar.

* Pensjonistar som bidrar som helsepersonell under virusutbrotet, enten frivillig eller beordra, vil ikkje få si pensjonsutbetaling redusert eller endra.

Kilde: E24