Deltakarane gav alt under UKM i Hemsedal. Men fylkesfinalen er avlyst på grunn av koronaviruset.

Korona råkar UKM, fylkesfinalen er avlyst

Fylkesfinalen i UKM er avlyst på grunn av koronaviruset. I Hallingdal er også kulturarrangement råka.

Onsdag fekk kommunane meldinga frå UKM. Fylkesfinalen i Kongsberg blir avlyst. Det betyr at langt over 100 ungdommar frå Hallingdal ikkje får moglegheit til å vise seg fram med alt dei har øvd og førebudd. Men alt måndag hadde Hol kommune bestemt at ingen ungdommar skulle reise uansett. Det same hadde Hemsedal.