Inviterer til ny pressekonferanse for born

For å svare på nye spørsmål om korona-situasjonen og tiltaka som er innførte, held regjeringa ein ny pressekonferanse for born.

Det kjem fram i ei pressemelding frå regjeringa. Før påske varsla regjeringa ein gradvis og forsiktig gjenopning av samfunnet, inkludert skular og barnehagar. Dette får store konsekvensar for kvardagen til born og vaksne

Difor arrangerer regjeringa, i samarbeid med NRK Supernytt, ein ny pressekonferanse for born. Statsminister Erna Solberg, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby stiller opp for å svare på spørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Barn stiller gode spørsmål, også mange spørsmål som vaksne lurer på. Vi fekk inn fleire hundre kloke spørsmål sist, og vi gler oss til å svare på endå fleire, seier Solberg i pressemeldinga.

Pressekonferansen skjer på Statsministerens kontor, onsdag 15. april klokka 12.00. Spørsmål blir sendt inn via https://nrksuper.no/, på e-post til supernytt@nrk.no.

Pressekonferansen er ikkje open for vaksen-journalistar.

(©NPK)