Bergensbanen mellom Ustaoset og Haugastøl.

- Ikkje kryss toglinja utanfor sikra overgangar

Sjølv om det blir mindre folk enn normalt i fjellet denne påska, er Bane Nor tydeleg på å ikkje slurve med sikkerheita langs jernbanelinja.

– Det er livsfarleg for deg, og forferdeleg for lokføraren, skriv Bane Nor og viser til at skiløparar langs jernbanelinja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan vera freistande å krysse linja dersom det ikkje kjem tog. Ikkje gjer det! er den klare meldinga frå Bane Nor.

– Mange trur det er trygt å krysse jernbanelinja så lenge ein sjekkar at kysten er klar, men det er å gamble med livet. Me oppfordrar alle påsketuristar til å ikkje krysse toglinja utanom sikre overgangar, skriv Bane Nor i ei pressemelding.