Vasslekkasje i Myrovegen i Ål.

Mange må koke vatnet i Ål

Fleire husstandar i Ål var utan vatn i morgontimane onsdag.

Årsaka er ein vasslekkasje i området Myrovegen/Kroken og nedover mot Hallingdal feriepark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen veit at folk var utan vatn både i sentrum og i Granhagen.

Ved 08.30-tida melde Ål kommune at alle abonnentar knytt til Sundre vassverk, og nokre med privat vassforsyning, bør koke vatnet for å vera sikker på ikkje å få i seg forureina vatn.

– Det er førebels ikkje mistanke om forureining, men kok vatnet for å vera sikker, skriv Ål kommune i ei melding til innbyggjarane.

Les også
Fekk kjellaren full med vatn

Årsaka til kokevarselet er at leidningsnettet har vore utan trykk i ein periode. Kokevarselet gjeld inntil vidare.

– Går alt greitt vil me oppheve kokevarselet på fredag. Me tek no vassprøver for å sjå om det er god kvalitet framleis, opplyser Svein Furuhaug ved tekisk sektor i Ål kommune.

Ifølgje heimesidene til Ål kommune er arbeidet med utbetringane i gang, men dette vil ta noko tid.