Godstoget spora av ved utgangen av Gråskallen tunnel, og køyrde eit stykke før det stoppa her.

Godstog spora av - Bergensbanen opna att like før midnatt

Litt før midnatt onsdag opna Bergensbanen att etter at eit godstog spora av ved Tunga og sperra banen i nesten eit døgn.

Det melder Bane Nor på sine nettsider.

– Onsdag vart godstoget som hadde spora av, trekt vestover til Finse, og arbeidstoget som køyrde seg fast var også laus frå snøen. Arbeidet med å utbetre skadene på sporet vart forsinka av svært dårleg vêr. Snøfresar heldt strekninga Finse - Haugastøl open før første tog og vidare utover natta, skriv Bane Nor på sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjedde på natta

Det var mellom klokka halv eitt og eitt natt til onsdag godstoget spora av ved Tunga, aust for Finse. Det var svært dårleg vêr i området.

– Den eine akslinga på loket har spora av, resten av loket står på skinnene. Det er ingen dramatikk i dette, opplyste pressevakt Olav Nordli til Hallingdølen onsdag føremiddag.

Bergingstog køyrde seg fast

Det vart sendt bergingstog til området frå begge sider av fjellet.

Eitt av desse køyrde seg fast i snøen på veg inn mot Tunga. Det forsinka arbeidet noko

– Det må ryddast snø, og loket må jekkast opp på skinnene att, fortalde Olav Nordli.

Tog: Eit arbeidstog køyrde seg fast i snøen, på veg inn til godstoget som spora av ved Tunga.

Tok tid

Det var vanskeleg å seie kor lang tid arbeidet ville ta. Bane Nor melde på sine nettsider at det onsdag klokka 12.00 skulle kome oppdatert informasjon. Dette vart seinare skuva på.

Litt før klokka 24.00 var loket trekt vekk og banen rydda for snø.

Dermed er Bergensbanen open for trafikk att.

Artikkelen held fram under annonsen.