Gløym turen til Aurland eller Lærdal

Nabokommunane til Hol, Ål og Hemsedal i vest innfører 14 dagars karantene for folk som har vore i Viken fylke.

Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke har bestemt at alle som kjem frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, tidlegare Hordaland og tidlegare Sør-Trøndelag, skal vere i heimekarantene i 14 dagar etter at dei kom fram.

Det er bladet Fjordingen som skriv dette, og kjelda er kommuneoverlege og smittevernlege i Stryn, Marius Solbakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tiltaket er dramatisk og vil påverke folk ytterlegare i ein allereie vanskeleg situasjon. Men tiltaka vert sett i gang for å redde liv, seier Solbakken.

Transittopphald på flyplass i desse områda, og direkte heimkøyring i eigen bil frå flyplass i desse områda vert ikkje rekna som opphald i området.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars.