Biletet syner ei perleugle som er den vanlegaste ugla som hekkefugl i Hallingdal.

Feil ugle

Fuglekunnige Torgrim Breiehagen i Ål gjer oss merksam på at me i Dagens ytring 16. april nytta feil namn på ugla på biletet som fylgde med.

— Det er ei fin naturskildring av ei kattugle, men biletet syner ei perleugle som er den vanlegaste ugla som hekkefugl i Hallingdal, spesielt i større smågnagarår, seier Breiehagen.

Han legg til at kattugla er sjeldan som hekkefugl i Hallingdal. Den er berre registrert hekkande i Flå og Hol (ein gong). Ho kan høyrast med sitt spesielle rop om våren i Hallingdal og er sist høyrt no i vår i lia ova Øvre Underberg, i Breie, i Ål av meg om kvelden 22. mars 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Same kveld høyrde eg også to perleuglehannar rope (hukring) i same området, noko som tyder på ei auke i smågnagarbestanden i vår etter botnåret i fjor, fortel Torgrim Breiehagen.