Buss vart ståande fast på Fv40 i Skurdalen

Brannvesenet måtte trø til for å berge ein buss opp att på vegen på Fv40 i Skurdalen sundag ettermiddag.

Bussen var på veg til Kongsberg då den hamna utanfor vegen med eine framhjulet på Fv40 mellom Skurdalen og Dagali. Passasjerane vart deretter sittande fast inne i bussen, ettersom døra vart blokkert av snø. Bussjåføren ringde sjølv til nødetatane, for å få hjelp til å få bussen på vegen att. Det er ikkje meldt om skade på korkje personar, eller på sjølve bussen. Etter kort tid var bussen attende på vegen.