Bergensbanen stengt mellom Ål og Gol

Bergensbanen er stengt mellom Gol og Ål i føremiddag. Årsaka er straumproblem, melder Bane Nor.

Togpassasjerane blir frakta forbi staden med buss.

– Det har falle eit tre over køyreledningen, og rive han ned. Det blir jobba med feilretting, men me veit ikkje kor lang tid det vil ta før ledningen er reparert, seier pressevakt i Bane Nor, Gunnar Børseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bane Nor melde seinare at dei reknar med å ha fiksa problem rundt klokka 14.30 onsdag.

– Det er ein litt meir omfattande skade som gjer at me må bytte nokre deler, forklarar Børseth.

Togpassasjerane har blitt køyrd med buss mellom Ål og Gol. Ifølgje kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby vart dagtoget i retning Oslo 14 minutt forsinka på grunn av straumbrotet. Dagtoget i retning Bergen vart 29 minutt forsinka.