Bama Alpinfestival har vore fast på programmet i mars i meir enn 15 år. Dei håpar å kome sterkt attende neste år.

Avlyser alpinfestivalen

Bama Alpinfestival går inn i rekkja med avlyste arrangement, både i Hallingdal og landet over. Onsdag kveld meldte dei på sine nettsider at situasjonen rundt koronaviruset gjer at det ikkje blir alpinfestival i år.

– Organisasjonskomiteen i Alpinfestivalen har i samråd med hovudsponsor Bama og kommuneoverlege i Hol og Ål kommune Geir Strømmen, avgjorde å avlyse årets Alpinfestival, skriv dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Are Fosse er leiar i organisasjonskomiteen for festivalen. Han seier dei ser avlysinga som eit ledd i den nasjonale dugnaden for å hindre smitte og spreiing av viruset.

– Folkehelseinstituttet har oppfordra til ein nasjonal dugnad om å ikkje bidra til store samlingar med menneske og auka smittepunkt for spreiing av koronavirus. Me følgjer sjølvsagt denne oppfordringa, seier Fosse.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.