Ål-ordførar presiserer annonsetekst

Ein annonse frå Ål kommune i dagens papirutgåve i Hallingdal har skapt reaksjonar blant næringsdrivande i Ål. I annonsen blir det gjeve råd til kva folk ikkje bør gjera på grunn av koronaviruset. I eitt punkt står det: «Unngå besøk i butikkar, bank o.l.».

Ordførar Solveig Vestenfor seier at denne formuleringa er upresis. Det burde stått: «Personar i risikogruppa, eldre og sjuke, bør ikkje gå i butikkar, bank o.l.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestenfor understrekar at det er viktig å støtte opp om lokalt næringsliv, samtidig som me gjer det me kan for å hindre smittespreiing.

— Me må vera kloke, halde avstand og unngå situasjonar med opphoping av folk, seier Vestenfor.