Femti år med Hallingmarken Zoom Førre Neste Bilete 1 av 31 Tivoli og karusell er topp - for store og små. Bilete 2 av 31 Beia 2 blir sjøsett på Hallingdalselva under opninga av den fyrste Hallingmarken i 1968. Foto: Hallingdal Museum. Bilete 3 av 31 24.000 besøkande, men ikkje rekord. 5500 personar trassa regn og uver for å oppleve Wenche Myhre på Hallingmarken laurdag. Bilete 4 av 31 Frå venstre messeformann Sigve Aasen, Hallgrim Berg og Gudbrand Persmoen som heilt frå starten av var sentral i Hallingmarken. Bilete 5 av 31 På Hallingmarken møtest all slags handelsfolk, denne jenta er truleg av dei yngste blant årets markenseljarar. Bilete 6 av 31 Hallingmarkenveteranen framfor nokon - Gudbrand Persmoen. Bilete 7 av 31 Det gamle scenebygget på Hallingmarken måtte vike for ein ny hall og eit nytt scenebygg i 2001. Bilete 8 av 31 Lakirs og godteri er eitt av trekkplastera for dei yngste. På biletet lakrisseljar Dagfinn Stene og Oscar Bollerud Stenholt. Bilete 9 av 31 Hylande ungjenter viste at a1 var eit godt artistval på Hallingmarken. Bilete 10 av 31 Jan Olsen har i fleire år vore leiar for Hallingmarken. Bilete 11 av 31 Å køyre radiobil er fortsatt like gøy som det var for femti år sidan. Bilete 12 av 31 Ingeborg Livgard, Anne-Lise Breie, Ragnhild Haraldseth, Vesla Moen, Elsa Nässelquist og Berit Sauthon. Bilete 13 av 31 Ordførar Wenche Sundt Gullingsrud måtte også opp på scena ein gong og delta i underhaldningsprogrammet saman med NRK-profilen Peter Nome. Bilete 14 av 31 Det kunne koke på Hallingmarken. Publikumsrekorden er 27.500. Bilete 15 av 31 Bjøro Håland samla heile 9400 tilskodarar under konserten på Hallingmarken i 1985. Bilete 16 av 31 Tivoliet har alltid vore ein populær tumleplass for småfanten. Bilete 17 av 31 Ein liten gut sit høgt for å sjå og høyre helten Bjøro Håland. Bilete 18 av 31 6000 menneske vart sjarmert av verdsstjerna Arja Saijonmaa på Hallingmarken i 1990. Bilete 19 av 31 Det var hæla i btaket sist DDE besøkte Hallingmarken. I år kjem det populære bandet tilbake. Bilete 20 av 31 Publikum har fått mange gode opplevingar på Hallingmarken. Som her på ein Hellbillies-konsert. Bilete 21 av 31 Alexander Rybak og Frikar tok publikum med storm under Hallingmarken i 2009. På biletet Grand Prix-vinnar Rybak saman med Frikar. Hallingane Vetle Springgard til venstre og Eirik Fuglesteg Luksengard til høgre. Foto: Thomas Sandanbråten Bilete 22 av 31 Sjøsetting av MS Beia i samband med opninga av Hallingmarken 17. juli 1968. Den høgtidelege stunda då fru Elsa Watnebryn utførte dåpshandlinga av M/S «Beia», med bl.a. turistsjef Rolf Vestvik og ordførar i Nes, Olaf Øen, som interesserte tilskodarar. Kapteinen, Lars Tærum, i stram givakt. Foto: Bjarne Tormodsgard Bilete 23 av 31 Hallingdølen laurdag 20. juli 1968. Publikum strøymer til Hallingmarken. Billett- og partoutkortsal for 9000 kroner første dagen. Tryllekunstnarane «Clausini» forbløffar alt folket. «Clausini» er ein farleg herremann. Han stikk knivar gjennom hovudet på kona si, men til gjengj Bilete 24 av 31 Hallingdølen tysdag 11. juli 1972. Storsjarmør på Hallingmarken. Eivind «Ratti» Løberg tok både store og små med storm. Bilete 25 av 31 Glimt frå Hallingmarken i Nesbyen. Til venstre på fotomontasjen – Olav Steinmoen demonstrerer eit av produkta frå Steinmoen & Kirkebøen sin trevarefabrikk i Hemsedal. I midten ser me eit par representantar for den yngre generasjon boltre seg med bilkøyring på dansegolvet ved friluftsscenen. – Vil De smake førsteklasses pølse? spør Anker Hansen. Bilete 26 av 31 Hallingdølen laurdag 20. juli 1968. Minst 10.000 er venta til Hallingmarken. Arrangørane har satsa 80-90.000 kroner på dette femdagars-arrangementet. Den høgtidelege stunda då fru Elsa Watnebryn utførte dåpshandlinga av M/S «Beia», med bl.a. turistsjefen og styreformannen i HFD som interesserte tilskodarar, og kapteinen, Lars Tærum, i stram givakt. Bilete 27 av 31 9. juli 1985. Ein svingom og ein gjesp. Kveldane vart saktens lange for enkelte under Hallingmarken, men både store og små trødde takten til Knut Halvards under avslutninga sundag. Foto: Bjarne Tormodsgard Bilete 28 av 31 Hallingdølen 9. juli 1973. Atskillig fyll og bråk under årets Hallingmarken. Bilete 29 av 31 Det var høgtid og stil over denne forsamlinga, knipsa like før dåpsseremonien til M/S «Beia» under opninga av den Hallingmarken i 1968. Fremst frå venstre fru Åse Olsen, Halvard Kleven, fru Feilberg Jacobsen, ordførar Olaf Øen, Emil Solheim og turistsjef Rolf Vestvik. Bak står ein representant for båtbyggjarfirmaet, saman med kapteinen, Lars Tærum. Bilete 30 av 31 «Hallingmarken uten særpreg». Rolf Vestvik sto for åpningen av årets Hallingmarken. Her er han sammen med formann i Hovedkomiteen Marie Tvenge, og Kong Hadding med følge. Bilete 31 av 31 Våre lokale heltar frå Ål har vore hovudatrraksjonen ved fleire Hallingmarken-arrangement. Publisert: 30.06.2018 00:00 Sist oppdatert: 02.07.2018 15:37 Bildeserier