Imingfjellfestivalen vart for første gong arrangert i fjor. Her står artisten Ingrid Olava på scena med Sønstevatn som bakteppe. (Arkivfoto)

Køyrer musikkfestival i høgfjellet likevel

Dei har site på gjerdet ei stund. Men med litt alternativt opplegg riggar Bugge Wesseltoft og lokale krefter seg til for ei helg med konsertopplevingar på Imingfjell.

Det var ikkje sjølvsagt det skulle bli Imingfjellfestival i år. Sjølv om planane var på gang alt før korona råka.

Kom i mål

Den siste tida har jazzprofil og initiativtakar for festivalen Bugge Wesseltoft saman med lokale krefter i Trivselslaget landa på å arrangere festival over to dagar i midten av august.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Jazzmusikar startar festival på Imingfjell

Så langt står namn som Bertine Zetlitz, Knut Reiersrud, Linnea Dale, Nils Petter Molvær og Bugge Wesseltoft på plakaten. I tillegg til Spirit in the Dark, Drolsum Stasjon og Thomas Bjerke med band.

Britt Guton Halland, leiar av Trivselslaget, fortel at dei også har fleire andre spennande ting på gang. Meir informasjon kjem etter kvart.

Dagspassa til årets festival blir lagt ut om ikkje lenge. Men for å ta omsyn til smittevern er det sett ei maksgrense på 200 personar per dag. Med andre ord, er det snakk om eksklusive billettar, fortel Halland.

For å arrangere Imingfjellfestivalen er hyttebuaren Bugge Wesseltoft avhengig av hjelp frå bygdefolk. Britt Guton Halland sit som leiar i Trivselslaget, ei forening som vart oppretta for å støtte opp om arrangement i kommunen.

Grensesprengande

Wesseltoft stakk også av med Telenors kulturpris «Grenseløs kommunikasjon» 2020 for litt sidan. Prisen på 500.000 kroner skal heidre kunstnarar eller institusjonar i Skandinavia som har utmerkt seg.

Wesseltoft fekk prisen for evna hans til å kombinere og la seg inspirere av kulturar og tradisjonar frå heile verda og samstundes bidra til å opne nye dører og sprenge etablerte grenser.

Festivaldeltakarane vakna i fjor opp til nydeleg pianomusikk på Imingfjell. Bugge Wesseltoft avslutta med «Nummedalssongen» til ære for dei lokale.

– Det er få, om ingen, skandinaviske musikarar som utviklar eigne musikalske uttrykk slik Wesseltoft gjer, seier juryen til Balade.no

Les også
Håpar denne festivalen blir ein tradisjon

Gjentek suksessen

Alt då Wesseltoft kjøpte seg hytte på Imingfjell, såg han for seg ein utefestival ved Sønstevatn med fjella i bakgrunnen. Festivalen var arrangert for første gong i fjor.

Då stod mellom anna Øystein Sunde, Vidar Busk og folkemusikarar som Anne Hytta på scena. I tillegg var det lagt opp til fleire aktivitetar, noko som ikkje let seg gjennomføre i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vil gi folk noko å gle seg til - planlegg alternativt
Les også
Analoge dansesko – digitale sprang
Les også
I fjor spelte Daniel Kvammen - i år blir det ingenting
Les også
– No gjeld det å sjå opp og fram