Hallingplast fekk fyrste næringsprisen
Kleivibedrifta Hallingplast AS har fått næringsprisen i Hallingdal.
Under Hallingdalskonferansen sist veke vart næringsprisen delt ut for fyrste gong.
Bakgrunnen for tildelinga er at arrangøren av konferansen vil heidre bedrifter eller organisasjonar som utmerkjer seg positivt. Prisen skal også vera ein inspirasjon for næringslivet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spennande bedrift
HallingExpo skriv på nettsidene sine at det er fleire kriterium som vart vurdert ved kåringa. Konklusjonen er at Hallingplast er ei svært spennande bedrift.
Grunngjeving for å gi prisen til Hallingplast er at bedrifta er robust, oppteken av å utvikle eigen kompetanse, framoverlent og søkjer innovative løysningar.
Det blir også understreka at Kleivi-bedrifta viser at det er mogeleg å drive industri i eit høgkostland.
Sjekk og profilering
Næringsprisen er eit spleiselag mellom alle kommunane i Hallingdal og har ein verdi på 30.000 kroner. I år er prisen todelt og består av ei profileringsfotopakke frå fotograf Vegard Breie frå Ål og ein pengepremie på 15.000 kroner.
– Veldig moro
Dagleg leiar i Hallingplast, Steinar Tragethon, seier til Hallingdølen at han set stor pris på at bedrifta fekk næringsprisen.
– Veldig moro og inspirerande å få denne prisen. Dette skal me bruke til ei sosial markering for å vise at alle dei 40 tilsette har sin del av, seier Tragethon.