Sjå påskehelsinga frå kongeparet: – Me må gå på med kamphumør!
Frå solveggen på Kongsseteren i Oslo sender kong Harald og dronning Sonja ei påskehelsing til det norske folk. – Om ikkje lenge kan me gi kvarandre ein god klem att, seier dronninga.
– Det stundar mot påske. Dronninga og eg tenkte me kunne ta ei lita påskehels2ing frå Kongsseteren, innleiar Kong Harald.
– Her har me prøvd å lage påskestemning, seier dronning Sonja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har dei klart - rundt kongeparet er det fint rigga til med både påskeliljer, pledd, påskehøne, termos og appelsinar.
– Bodskapen vår er at både Kongen og eg er djupt og mektig imponert over alt det gode arbeidet som er gjort i desse dagar, over det ganske land, seier dronninga.
– Saman skal me klare dette. Som ein nasjon og i samarbeid med resten av verda. Det siste er ganske viktig. Heile verda er i ein krisesituasjon, seier kong Harald.
Dei pratar begge om den vanskelege situasjonen heile Norge er i, før dei ønsker alle ei god påske.
– Og då kan kanskje eg få gi deg litt å drikke. Ein liten gløgg, seier dronninga og tar fram både termos og koppar.
– Sånn ja. Mange takk. Då kjennest det som me er på fjellet, seier kongen.