Med topp forhold i skibakkane var det slik det skulle ha sett ut for norske alpinanlegg. Men koronautbrotet set ein stoppar for all drift.

Alpinanlegga ber regjeringa om krisepakke

Norske alpinanlegg mistar store inntekter som ein følge av koronautbrotet. - Dette råkar både store og små anlegg, seier dagleg leiar i SkiGeilo, Ole Halvor Svenkerud.

Ei førebels utrekning gjort av Alpinanleggenes Landsforening og Norske Fjell viser at alpinanlegga mistar 33 prosent av inntektene. Mange konkursar kan bli resultatet dersom ikkje anlegg landet over får hjelp, meiner dei.

Ein tredel borte

Det er 357 skianlegg i Norge. Dei omset heiskort for 1,3 milliardar kroner årleg. Men med ein tredel av sesongen borte, er meldinga frå ein samla bransje klar:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Årets omsetning er ikkje nok til å drive over sommaren med investeringar og vedlikehald etter gjeldande krav.

I eit brev som vart sendt til regjeringa førre veke, ber Alpinanleggenes Landsforening om ei krisepakke på 400 millionar. I brevet viser dei til regjeringas krisepakke for kultur og idrett på 900 millionar kroner.

- Alpinanlegg og vår aktivitet fell mellom to stolar i det dei aktive nyttar kommersielle anlegg til sine aktivitetar.

Mange permitteringar

På Geilo vart alle anlegg stengt 12. mars klokka 18.00. I første omgang i to veker, men dagleg leiar i SkiGeilo, Ole Halvor Svenkerud, fryktar anlegga blir stengt ut sesongen.

- Trysil har alt fått beskjed om å halde stengt til over påske.

- Korleis har krisa råka SkiGeilo?

- Anlegget er stengt, og så å seie alle tilsette er permittert. Det er dramatisk, og det er synd på dei som ikkje har ein jobb å gå til.

Dagleg leiar i SkiGeilo, Ole Halvor Svenkerud (t.h.) er uroa for framtida til alpinanlegga både på Geilo og i resten av landet. Her står Svenkerud saman med ein av eigarane i SkiGeilo, Arne Pålgardhaugen.

Den samla krisepakka på 400 millionar er rekna ut frå fjorårets omsetning av skikort.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men tapet er høgare enn det for bransjen og lokalsamfunnet. Me har store inntekter frå skiutleige, skiskule, servering i tillegg til ringverknadene for resten av næringslivet, seier Svenkerud.

Kva med neste sesong?

Svenkerud er glad for at SkiGeilo har sterke eigarar i ryggen. Det har også fleire av dei store anlegga. Men blant dei mindre anlegga med langt mindre omsetning fryktar bransjen konkursar.

- Me har sterke eigarar i ryggen, men også me må prioritere framover. Heisane krev vedlikehald og investeringar. Der er me avhengige av utstyr, delar og fagpersonar frå Mellom-Europa. Eg er spent på kor lenge dette varer. Me har gått frå ein sesong der me kunne tene pengar til store tap, seier Svenkerud.

Og etter vintersesongen kjem ein sommarsesong.

- Korleis sommaren blir, vil påverke oss ytterlegare. Og me fryktar at situasjonen kan påverke neste sesong. Neste sesong er usikker på grunn av det som skjer no, seier Svenkerud.