Hallingkastet i Hovet vart totalskadd etter brann i 2016. Sidan har bygget stått urørt.

Vil tvangsrive Hallingkastet

Hol kommune sett hardt mot hardt og går i gang med arbeidet for å tvangsrive Hallingkastet i Hovet.

Bygget brann i 2016. Sidan har brannruinane stått urørt.

Mange klager

Innbyggjarar i Hovet, grendelaget og kommuneoverlegen har fleire gonger ytra seg kritisk til at brannruinane framleis ikkje er borte. Hol kommune har i fleire år prøvd å løyse saka utan hell. Siste to åra er det skrive ut dagbøter på 2000 kroner per dag til eigaren. Saka var opp i kommunestyret seinast i desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me har fått mange reaksjonar på dette. No må me gjere noko, seier ordførar Petter Rukke (Ap).

Vil rive

Og det gjer kommunen no. I formannskapet torsdag vart det vedteke å starte arbeidet med tvangsfullbyrde riving av Hallingkastet. Formannskapet har sett av 700.000 kroner til riving og juridisk bistand. Kommunen skal sikre kostnadene for riving og be om ei rettsavgjerd på sannsynlege kostnader.

— Endeleg vedtak skjer i kommunestyret i februar, seier Rukke.