– Dårleg is i fjellet

- Det er usikre isforhold i Hallingdal og Aurland, skriv E-CO Energi.

Skiftande vêr og fleire mildvêrsperiodar har ført til dårleg is i fjellet i Hallingdal og Aurland.

– Folk bør vere forsiktige ved opphald på og ved regulerte og uregulerte vatn, skriv kommunikasjonssjef Per Storm-Mathisen i E-CO Energi.

Det kom ein del snø i perioden før isen hadde lagt seg slik at iskvaliteten er dårleg, og det er lite stålis. I tillegg har regn, sjølv høgt til fjells, tært på den isen som er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er lokale variasjonar, men me observerer generelt dårleg is på alle regulerte vatn. Dette gjeld også uregulerte vatn. Generelt bør folk vere særleg merksame på inn- og utløpsos og råker langs land, understrekar Mathisen.

E-CO Energi er i ferd med å skilte og sette opp sperregjerde der selskapet er ansvarleg for den type sikring. Fleire stader er det foreløpig ikkje stikka løyper.