Til scenen

Stein Torleif Bjella har blitt allemannseige gjennom sterke plateutgjevingar dei siste åtte åra. I helga tok han steget vidare i forestillinga «Kan nokon gripe inn» på Det Norske Teatret.

Han sette tonen i 2009 med albumet Heidersmenn. Det langt frå kommersielle uttrykket råka ein nerve hjå publikum. Ein passe skeiv visepop, med historier skildra på Bjellas vis; rett fram, folkeleg, rart – og med ein botn. Me kom innom huda på figurane hans, iallfall vart me nysgjerrig på dei. Me møtte outsiderane, bygdisane, utan at dei vart gjort til lokale raringar. Det handla kort og godt om folk, og det me alle balar med i livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så har platene følgd på; Vonde visu, Heim for å døy og Gode Liv. Bjella vart ikkje noko blaff. Tvert om har han slått rot i det musikalske toppsjiktet i Norge. Denne månaden stadfesta han posisjonen med å bli nominert i tre klassar til årets Spellemannpris. Og på toppen av det – i sentrum for storsatsing på hovudscenen på Det Norske Teatret.

Det forundrar oss ikkje. Det ligg mykje materiale i tekstane til Bjella. Det er faktisk fleire som har leika med tanken om å invitere universet hans til scenen. At det vart Det Norske Teatret som gjorde det, til og med på hovudscenen, er både stilig og riktig.

Og det slår an. Stykket begynte å leve sitt eige liv faktisk før premieren. I starten var det snakk om fire-fem framsyningar i Oslo, før turnestart til hausten. No skal «Kan nokon gripe inn» gå 23 kveldar fram til slutten av april. Det fortel noko om kva posisjon Bjella har opparbeidd seg blant publikum.

Me gler oss med lovorda etter premieren laurdag. Riksavisene trillar terningkast fem og seks, og Bjella blir lyfta opp som ein ny Prøysen.

Stein Torleif Bjella var historieforteljaren då han jobba som journalist i Hallingdølen, han er historieforteljar i musikken – og er det også på scenen. Han har vore seg sjølv, gått sin eigen veg og stolt på eigne vurderingar. Og skriv gode tekstar. Det er kort og godt noko heilstøypt over han. Derfor toppar han festivalar utover sommaren, og derfor trekkjer han fulle teatersalar.

Me stiller oss i rekkja og gratulerer. Dette er vel fortent!