Senterleiar ved Amfi Geilo, Jan Erik Solberg, er fornøgd. I påska sette kjøpesenteret ny påskerekord. Omsetninga auka med 12,5 prosent.
Senterleiar ved Amfi Geilo, Jan Erik Solberg, er fornøgd. I påska sette kjøpesenteret ny påskerekord. Omsetninga auka med 12,5 prosent.

Handelsauke – trass godvêr

Også for handelsnæringa vart det ei god påske i år.

På Amfi Geilo melder senterleiar Jan Erik Solberg om ny påskerekord.

– I perioden fredag før palmesundag til og med andre påskedag hadde me omsetningsauke på heile 12,5 prosent samanlikna med påska i fjor. Det er med svært godt fornøgde med, seier Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fenomenalt

Og auken kjem trass godvêret.

For årets draumepåske, med fint vêr med skyfri himmel og gnistrande skiføre bortimot kvar einaste dag, er normalt ikkje gode handelsdagar.

– Fint vêr er ikkje akkurat handlevêr. Då finn folk gjerne på noko anna enn å handle, seier Solberg.

Likevel har dei 19 butikkane i Amfi Geilo solid auke. Særleg er det bransjane mat, d rikk og sport som har den største auken.

– Fenomenalt bra, seier Solberg.

God trafikk

Også andre kjøpesenter i Hallingdal melder om stor trafikk.

Då Hallingdølen lodda stemninga på Kremmartunet i Gol og kjøpesentera i Nesbyen og Ål, var førebels ingen tal for påsketrafikken klare.

Men senterleiar på Ålingen og Nesbyen Kjøpesenter, Inger Helen Jacobsen, seier dei har merka at årets påske har trekt mange til regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt meir trafikk enn i fjor på grunn av dei gode forholda i fjellet. Nokre dagar er betre enn andre, men i gjennomsnitt har me god påsketrafikk. Ei draumepåske, seier Jacobsen.

Senterleiar på Kremmartunet, Geir Arne Johansen, seier særleg måndag i påskeveka var overraskande bra

– Eg er spent på totalen. Eg trur det er omtrent som i fjor, seier Johansen.