Sissel Urke, Venstre.
Sissel Urke, Venstre.

– Fylkespolitikk er ingen karriereveg

Det var det førre fylkestinget som vedtok godtgjersle for fylkespolitikarane. Der hadde Høgre fleirtal, minner Sissel Urke (V) om. – Godtgjersle må ein ha, men også me vil sjå på dagens ordning.

Dei siste vekene har det vore ei viss merksemd rundt godtgjersle for politikarar i fylkeskommunen. I Hallingdølen 16. februar kunne ein sjå kva ulike verv gir av godtgjering og kva lokale folkevalde tener. Sissel Urke får 277.000 kroner for sitt engasjement, pluss dekking av reiseutgifter.

Ein må sikre at folk ikkje tapar på politisk engasjement.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan politikken bli ein karriereveg?

– Eg kjenner meg ikkje igjen i det biletet. Det er ikkje økonomien som lokkar, seier ho.

Urke har redusert stilling for å få tid til politikken. Eit møte i Drammen betyr i praksis som regel at representantar frå Hallingdal må reise ned kvelden før og i tillegg ta ein heil arbeidsdag fri.

- Mykje idealisme

– Ein må sikre at folk ikkje tapar på politisk engasjement. For min del er det ikkje noko flatterande reknestykke. Det er mykje idealisme. Det er elles bra det er merksemd kring dette, men det er viktig for meg å si at me ikkje sjølve vedtek våre eigne godtgjersler, seier Urke.

Med det meiner ho at det var det førre fylkestinget som avgjorde kva for satsar som skulle gjelde for komande periode. I den nemnde artikkelen uttala Iselin Haugo (H) at partiet hennar vil redusere godtgjersla og at hennar parti hadde færre heiltidspolitikarar enn dagens fleirtalsparti. Haugo sit i fleire utval enn Urke og får 340.000 kroner i godtgjersle.