Stein Rudi Austheim, dagleg leiar i Ål Utvikling, har saman med Linda Dalene Bjerke og Ingrid Berg (t.h.) hendene fulle før Ål-dagen, Hillbilly Huckfest og NRKs sommartog kjem til bygda.
Stein Rudi Austheim, dagleg leiar i Ål Utvikling, har saman med Linda Dalene Bjerke og Ingrid Berg (t.h.) hendene fulle før Ål-dagen, Hillbilly Huckfest og NRKs sommartog kjem til bygda.

Travle dagar for vertskapet

Hillbilly Huckfest, Ål-dagen og Sommartoget til NRK set Ål på hovudet i nokre dagar. Turistkontoret har hendene fulle.

Det er Stein Rudi Austheims (43) første sommar som dagleg leiar for Ål Utvikling AS. Austheim, Linda Dalene Bjerke og Ingrid Berg bidreg så godt dei kan med å gjere arrangementa vellykka.

– Det generelle biletet etter helga er at butikkane er veldig fornøgde. Fleire melder om høgare omsetning. Enkelte opp i 20 prosent betring frå Ål-dagen i fjor, melder Austheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål-dagen gjekk for 25. gong i år, og følgde kjend oppskrift, med liv i Myren, vassgraut i Sundrevegen og auksjon på Ål.

– Huckfest har også blitt eit viktig arrangement, ikkje minst fordi me når ut til andre miljø enn me brukar, legg han til.

Tilbake til Ål

Stordingen starta karrieren i heilt i andre miljø enn der han er i dag, nemleg som oppvaskhjelp.Via kokkeskule gjekk han gradene i hotell- og reiseliv i både inn- og utland. Det er ti år sidan han først kom til Hallingdal, då som direktør på Thon hotell Hallingdal i Ål. Etterpå har han vore innom både Trysil, Lofoten og dei siste tre åra Nore og Uvdal. Her var han turist- og marknadssjef i Nore og Uvdal næringsselskap før han i mars var tilbake på Ål.

– Det er mykje positivt på gang

I likskap med Nore og Uvdal er Ål også ein hyttekommune, om enn i noko mindre målestokk.

– Hytteturistane er viktig i eit lengre perspektiv. Dei legg att mykje i lokalt næringsliv. Mitt mål er å utvikle Ål som hyttedestinasjon, og samstundes behalde særpreget, seier Austheim.

For Ål-dagen er det ingen umiddelbare snuoperasjonar på gang. Førebels er det meir for justeringar å rekne.

– Eg ser at me må jobbe endå meir med «ytterkantane» i sentrum for å skape aktivitet der også.

Ål Utvikling har for tida 167 medlemsbedrifter frå dei fleste næringar. Austheim har også som ambisjon å fungere som ei hjelpande hand for næringsaktørane. Etter ei tid med ein negativ spiral meiner han det no er optimismen som rår.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ålingen har fått kafé. Me får håpe proppen er ute og butikkane følgjer på. Det er mykje positivt på gang. Me skal gjere Ål meir kjent.

Då hjelper det kanskje på med både sykkelfestival i Votndalen, handelsdag i sentrum og eit sommartog med omreisande direktesendingar på NRK. 1. august er det Ål stasjon som står for tur. Då er ambisjonen å skape liv og rør på perrongen.